Dessert har alltid stått høgt i kurs hos Dalanyttredaktøren. Blåbærdessert med vaniljesaus er gode saker. Her om dagen syntes eg at vaniljesausen oppførte seg litt merkeleg. Ja, ja, livet har sine utfordringar!!
Mari Anne Haugsbakk frå Oltedal er innstilt som nr 1 til stillinga som rektor. Ho underviser idag i 1.klasse ved skulen og startar i ny jobb frå 1.august. Gratulerer Mari Anne!
Posta under Lokalstoff | Leave a Comment »
Anne Bodil (Steinardotter) Hetland er tilsett som asistent i Gilja barnehage og Alexander (Person) Gilje har fått jobb som teknisk teiknar hos Klepp Prosjektering.
Posta under Lokalstoff, Uncategorized | Leave a Comment »
Tysdag 26 vart det teke avskjed me vår kjære rådmann etter 12 år i jobben. Kommunestyre, administrasjon og andre gjester var innbedne til markering på Ålgård Gjestgiveri. Bodil starta i Gjesdal i 1982/83 på sosialkontoret og då var driftsbudsjettet i Gjesdal 50 mill. Nå når ho sluttar har det auka til 600 mill. Bodil fekk mange gode ord med seg på veien til ny jobb i Sandnes.
Posta under Politikk | Leave a Comment »
Dei to siste tomtene på feltet på Dirdal blir nå bebygt. Gilje Bygg set opp huset til Bente (Bergsåker) og Kjetil Sævareid og Nordbohus står for ein tomansbustad til Øvstebø Eiendom A/S.
Posta under Lokalstoff | 1 Comment »
Så fekk eg lov til å bli farfar igjen og onsdag 13 februar fekk Inger Olinda og Trygve ei fin jenta (3250 g – 49cm).
Hver gang et barn blir til
Over det gryende livet
Lyser Guds skapersmil.
Posta under Slekt og familie | 1 Comment »
Ca 20 medlemmer var samla til årsmøte i Baptistkyrkja tysdag 5.februar. Leiaren Rasmus Flesjå leia møtet. Årsmelding og rekneskap vart godkjente. Gjesdal KrF har nå 268 medlemmer som er ei auke på 20 frå sist år. Etter valet vert det nye styret samansett slik:
Rasmus Flesjå leiar, Mona-Lisa Hovland (attvald), Bjarte Haaland og Ina Renathe Bonice (ny). Andreas Endre jr. møter for kommunestyregruppa.
Orførar Olaug orienterte om kommunal politikk og såg og litt framover mot valet 2013. Det er viktig å stå på for at Rogaland KrF skal sikre 2 representantar til stortinget. «For ikkje å få ei Blå-Blå regjering er det viktig å stemma gult», sa ho i innlegget sitt.
Av lokale Dalasaker kunne ho opplyse at ny sykkelsti Dirdal skule – Dirdal er eit stykke unna. Grunneigarane vil ikkje avstå arealer til traseen frivillig, så areala må inn i ein reguleringsplan og ekspropierast.
Posta under Politikk | Leave a Comment »
Søndag 20 var det årsmøte for bedehuset. Andakt av Oddmund Steinskog og sang av Odd Dubland.
Årsmelding v/formann Magnar Herredsvela
Rekneskap v/kasserar Trygve Dirdal
Valg: Svein Nødland, Nårdin Gilje og Jorid Dirdal kom inn i styret. Magnar og Møyfrid var ikkje på valg.
ca. 20 stk. va møtt fram til årsmøtet.
Posta under Kristenliv, Lokalstoff | Leave a Comment »
Kroveien blir tryggare både for bilistar og syklistar. I desse dagar vert det sett opp autovern både ved Krobrua og Kjærvoll.
PS: Det er litt rart at sikringstiltaka blir gjort kort tid etter at Kroveien ikkje lenger vert nytta til skulevei for elevane frå Gilja.
Posta under Lokalstoff | 1 Comment »
Min gode nabo Harald inviterte meg på pensjonisttur til Frafjord for å prøva isen. Så var det berre å finna fram dei 45 år gamle lengdeløpskeisene. Det var ei flott isflate som møtte oss. Sjøl om stilen var så som så gjekk det kjapt utover. Me kom faktisk så langt at me såg heim (stranda i Dirdal)
Posta under Lokalstoff | Leave a Comment »