Nye vei- og gateadresser er på plass i Gjesdal. Kommunen sin folk har i haust sett opp veiskilt i indre deler av kommunen. Hurra! Endeleg nå veit eg kor eg bur.
Me gratulerer Hege Hansen med jobben som ny Inspektør. Hege har vore lærar ved skulen i mange år, og rykkjer nå opp til administrator. Det går sikkert kjempebra, Hege!
Posta under Lokalstoff | 1 Comment »
Fredag ettermiddag passerte syklistane i Tour the Fjords gjennom dalen. Folk stilte opp i regnværet for å sjå.
Posta under Lokalstoff | Leave a Comment »
I desse dagar vert det laga ny bru over «Stora ånå». Den gamle brua har gjort sitt og var ikkje sikker lenger. Brua er eit spleiselag mellom grunneigarane og Gjesdal kommune. Det er Ravndal Stålbygg som utfører arbeidet.
Posta under Lokalstoff | Leave a Comment »
Litt snekkerarbeid må til for å halda naboen sine hestar og lam ute. Då er det godt at Torfinn ikkje tek mykje ferie.
Posta under Lokalstoff | Leave a Comment »
Posta under Slekt og familie | 1 Comment »
Posta under Slekt og familie | Leave a Comment »
Tradisjonell jonsokfeiring i Dirdal. Den kristne ungdomsforeninga var som vanleg arrangør med Harald Gilje som andaktshaldar. Godt med folk samla til grilling rundt småbål.
Været var ikkje heilt bra, men dei fekk fyr på bålet til slutt.
Posta under Lokalstoff | Leave a Comment »
Det blir store endringar i administrasjonen ved Dirdal skule. Siste skuledag var det avskjed med Mia som har vore rektor dei siste 9 åra. Marianne Haugsbakk fekk overta nøkkelen til rektors kontor og skal styra «skuta» i åra framover. Det vart og kjent at Camilla gjer seg etter 2 år i inspektørstolen. Ho startar som lærar ved Ålgård skule.
Posta under Lokalstoff | Leave a Comment »