Posted in Politikk on 05/02/2013|
Leave a Comment »


Ca 20 medlemmer var samla til årsmøte i Baptistkyrkja tysdag 5.februar. Leiaren Rasmus Flesjå leia møtet. Årsmelding og rekneskap vart godkjente. Gjesdal KrF har nå 268 medlemmer som er ei auke på 20 frå sist år. Etter valet vert det nye styret samansett slik:
Rasmus Flesjå leiar, Mona-Lisa Hovland (attvald), Bjarte Haaland og Ina Renathe Bonice (ny). Andreas Endre jr. møter for kommunestyregruppa.
Orførar Olaug orienterte om kommunal politikk og såg og litt framover mot valet 2013. Det er viktig å stå på for at Rogaland KrF skal sikre 2 representantar til stortinget. «For ikkje å få ei Blå-Blå regjering er det viktig å stemma gult», sa ho i innlegget sitt.
Av lokale Dalasaker kunne ho opplyse at ny sykkelsti Dirdal skule – Dirdal er eit stykke unna. Grunneigarane vil ikkje avstå arealer til traseen frivillig, så areala må inn i ein reguleringsplan og ekspropierast.
Read Full Post »