Før jul vart det vedteke å leggja ned Dirdal musikklag, og avslutninga vart markert med ein intern fest på Dirdal bedehus fredag 31.januar. Musikklaget vart starta i 1972 under leiing av Jorunn Dirdal og 6 av dei som var med å starta var og med på avslutningsfesten 42 år seinare. Formann Tove Nina Byrkjedal leia festen . Torgny Gilje les ein sjølvskriven prolog og Dagfinn Gilje fortalde litt frå dei 40 åra i laget. Sigurd Haugland hadde ein andakt og ellers vart det mykje musikklagssang.
Archive for the ‘Kristenliv’ Category
Dirdal musikklag er historie.
Posted in Kristenliv, Lokalstoff on 01/02/2014| Leave a Comment »
Årsmøte for Dirdal bedehus.
Posted in Kristenliv, Lokalstoff on 31/01/2013| Leave a Comment »
Søndag 20 var det årsmøte for bedehuset. Andakt av Oddmund Steinskog og sang av Odd Dubland.
Årsmelding v/formann Magnar Herredsvela
Rekneskap v/kasserar Trygve Dirdal
Valg: Svein Nødland, Nårdin Gilje og Jorid Dirdal kom inn i styret. Magnar og Møyfrid var ikkje på valg.
ca. 20 stk. va møtt fram til årsmøtet.
Årsmøte for Gilja bedehus.
Posted in Kristenliv on 13/01/2013| Leave a Comment »
Søndagskvelden var det årsmøte for bedehuset. Ørjan (formann) leia eit effektivt årsmøte. Tale av Kolbjørn Bø.
Valg: Ørjan Gilje, Mauritz Nødland og Kjersti Risøy Solheim(ny) kom inn i styret. (Torbjørn og Tove ikkje på valg)
Rekneskap v/Mauritz
Årsmelding v/Ørjan
Diskuterte saker: Nytt lager i kjellar
Ventilasjon i bomberom
Bevertning: Frukt til dei med nyttårsfortsetter, sjokoladekake til dei andre
ca 30 hadde møtt fram.
Årsmøte for Dirdal bedehus
Posted in Kristenliv, Lokalstoff on 23/01/2012| Leave a Comment »
Søndag 22.1 var det årsmøte for Dirdal bedehus. Det var andakt av Harald Gilje og sang av Odd Dubland. Det var val av nytt styre som består av: Trygve Dirdal, Møyfrid Gilje, Morten Johannessen, Magnar Herredsvela og Olava Nødland.
Årsmøte i Gilja bedehus.
Posted in Kristenliv, Lokalstoff on 15/01/2012| Leave a Comment »
Basar på Dirdal bedehus
Posted in Kristenliv, Lokalstoff on 28/02/2011| Leave a Comment »
Fredag 4.mars kl 19.00 vert det basar til inntekt for Dirdal bedehus.
Harald held andakt og du får både mat og kaffi. Mellom gevinstane finn ein maleri av lokale kunstnarar.
Nokon utanbygds frå som vil ha lodd og ynskjer å støtte arbeidet på huset? Gje beskjed. per.dirdal@gmail.com
Det levande vatnet
Posted in Kristenliv on 21/02/2011| Leave a Comment »
Det har vorte mange timar i godstolen den siste veka. Lesing, Tv-kikking, internettsurfing og litt filosofering.
Fingrane mine er ikkje grøne, men idag såg eg ein plante som til og med eg forstod, ikkje hadde det godt. Eg forbarma meg og fann litt vatn. Resultatet vart forbløffande
Då eg såg korleis planten reiste seg, kom det føre meg ein historie frå Bibelen der Jesus møtte den samaritanske kvinna.
Jesus svara: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.» «Herre,» sa kvinna, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brønnen er djup. Så kvar får du det levande vatnet frå? Du er vel ikkje større enn Jakob, stamfaren vår, som gav oss brønnen og sjølv drakk av han, både han, sønene hans og buskapen hans?» Jesus svara: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att. Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.» Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje blir tørst meir og ikkje treng koma hit og henta opp vatn.» Joh 4, 10-15
Årsmøte i Dirdal misjonslag av NLM
Posted in Kristenliv on 03/03/2010| Leave a Comment »
Godt med folk då årsmøtet vart avvikla onsdag 3.mars. Etter kveldsmat og andakt av
kretsformann Raymond Bjuland leia formannen Torgny oss gjennom årsmøtesakene.
Årsmelding og rekneskap vart godkjent før me gjekk over til valet.
Resultat : Torgny Gilje, Sigurd Haugland og Torben Gilje. Varamenn: Tove Lill Gustavsen og Tove Gilja.
Dirdal kyrkje
Posted in Kristenliv on 24/02/2010| Leave a Comment »
Basar for Dirdal bedehus.
Posted in Kristenliv, Lokalstoff on 16/02/2010| Leave a Comment »
Fredag 5.mars kl 19 vert det basar for Dirdal bedehus. To av dalen sine kunstnarar , Kjellfrid Herredsvela og Odd Dubland, har sponsa oss med 2 flotte maleri. Dette vert hovedgevinstane på basaren. Det vert andakt av Sigurd Haugland. Utflytta dalabuar eller andre som vil støtte arbeidet på bedehuset kan sende ei melding så skal me fiksa det.(95760345)