Det har vorte mange timar i godstolen den siste veka. Lesing, Tv-kikking, internettsurfing og litt filosofering.
Fingrane mine er ikkje grøne, men idag såg eg ein plante som til og med eg forstod, ikkje hadde det godt. Eg forbarma meg og fann litt vatn. Resultatet vart forbløffande
Då eg såg korleis planten reiste seg, kom det føre meg ein historie frå Bibelen der Jesus møtte den samaritanske kvinna.
Jesus svara: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.» «Herre,» sa kvinna, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brønnen er djup. Så kvar får du det levande vatnet frå? Du er vel ikkje større enn Jakob, stamfaren vår, som gav oss brønnen og sjølv drakk av han, både han, sønene hans og buskapen hans?» Jesus svara: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att. Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.» Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje blir tørst meir og ikkje treng koma hit og henta opp vatn.» Joh 4, 10-15
Legg att eit svar