Feeds:
Innlegg
kommentarar

Årsmøte for Dirdal bedehus vart avhalde søndag 24.1.  Etter andakt av Ståle Lavik vart årsmelding og rekneskap opplese og godkjent. Utfall av valet gav dette styret for 2009:

Trygve Dirdal, Morten Johannessen, Ingrid Nødland, Møyfrid Gilje og Per Dirdal. Varamenn: Haldis Dubland og Kjellfrid Herredsvela.

Saker som vart tekne opp under samtalen:

1. Dugnad til våren( Malearbeid, røyrleggararbeid,restarbeid ventilasjon,  restarbeid kjøkken, ytterdør m.m)

2. Utleigeprisar (justering)

3. Kvifor er det så vanskeleg å få folk til å ta ansvar til styrearbeid

4. Basar til våren

5. Varmepumpe (utsett p.g.a. økonomi)

20 stk. møtte opp til årsmøtet.

Fredag 22.januar fulgte me Arne D. Øvstebø til den siste kvilestaden her på jorda. Dirdal kyrkje var mest full av familie, slekt , vener og naboar til Arne. Arne var fødd september 1912 og nærma seg 98 år då han døde stille på Solåsheimen lørdag  16.januar. Arne gifta seg med Magda i 1939 og dei fekk 4 barn som vaks opp i Holmen. Arne etterlet seg og mange barn og oldebarn. Han arbeidde som kyrkjetenar i 44 år ved Dirdal kyrkje. På minnemøtet på bedehuset var det mange som hadde ordet og minnast Arne som ein stille mann men ein visste kva han meinte og stod for. Han var særleg glad i barn, noko som både familien og naboar hadde glede av.

På framsida av programheftet  til gravferda sto desse fine verselinjene :

Guds fred og farvel, No sovnar eg sæl. Vår fredsfyrste høgt være lova.

Me lyser fred over Arne sitt minne!

Årsmøte for 2009 vart avhalde på bedehuset søndag 17.januar.

Det nye styret:  Kjetil Gilje, Thor Eirik Gilje, Svanhild Gilje, Bjørn Gilje Solheim og Marie Elise Øvstebø

Varamenn: Venke Gilje og Torbjørn Gilje

Saker som vart drøfta: Korleis få fleire inntekter?

31 stk møtte opp til årsmøtet.

SKULESTART

e

EIN KJEKK GJENG!

Ja, nå er det klart for siste semester på Dirdal skule.  Velkommen til topp innsats!!

Skitur i Bjørå

Denne Jula har Bjørå, eit nytt ski-eldorado, blitt gjenoppdaga. Sist eg gjekk på ski her trur eg var då ungane var små. Fin natur, godt med snø og dei siste dagane har det vore silkeføre.

Uisolert hytte utan straum og vatn

Juletrefest

Den årlege juletrefest på Dirdal bedehus gjekk avstabelen 4.juledag. Fullt hus med folk i alle aldrar og nasjonalitetar.

Marthe og Natalie les juleevangeliet.

Marthe og Natalie les juleevangeliet

Fin sang av Mirjam Dubland.

Tale av Odd Dubland. Han ser litt uklar ut, men bodskapen var klar. " Det viktigaste i Jula er å kunne sei HAN er Frelsar min"

Det var sang av dei minste. Nokon er meir interessert i pianisten.

Juletregang høyrer med

Yngste deltakar Emma Sofie.

Karoline fekk vera med farmor på fest.

I dag vart været og det gode skiføret nytt til ein trimtur på ski. Heldigvis hadde Harald Gilje gått i førevegen for å gå opp løype i Nysnøen. Flott tur i godværet. Sola kikka og fram

Bevis!

Store Heia i snø og sol.

Harald svinga opp med nudler på kinesisk vis.

Utsikt mot Store Heia.

Flagget til topps på "Karsteinbu".

Jula 2009

Daniel ser fornøyd ut

Kvit Jul

”Å kongebarn frå Betlehem, Inn i vårt hjarta drag!

Vi audmjukt bed: Stig til oss ned, Vert fødd i oss i dag!

Vi høyrer englesongen Det glade bod fortel:

Å, kom til oss, å, ver hos oss Guds Son Immanuel!”

Med dette vil eg ynskje dykk alle ei Velsigna Jul og eit Godt Nytt år!

Julegraut på Kjærvoll

Julegraut på Kjærvoll

Julegudsteneste

Emil og oldemor

Dei første skia.

tamisvin

Ja, så har eg hatt to dagar heime frå jobb. Tamiflukuren er godt igang, feberen er borte  og hovudverken er redusert. Har eg svineinfluens?   Det får eg vel aldri vite.

10.klasse i Nrk

10.klasse var deltakarar i klassequizz i nrk-Rogaland tysdag. Dei møtte Nesflaten skule i Suldal, men måtte gje tapt etter ein hard kamp. Etterpå var det omvisning på nrk.

Utdraget frå sendinga kan du høyre frå 2:35:50 – 2:50:00 i innslaget nedanfor

http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/569771

3

Eldre innlegg »